OS BÅTKLUBB

Os Båtklubb Postboks - 12 - 5201 Os

www.osbaatklubb.org

Kjente ansikter fra Os. Som nå bor på Rennesøy

Torunn og Harald Søvik stortrivst som ferierande på Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heidersturistar med storvakker båt.     

Dei burde kanskje vore heidra, Torunn og Harald Søvik. I over 30 år har dei feriert i vekevis på Fitjar, kvart år.

Håkon C. HartvedtPublisert: lørdag 21. mai 2011

  • Triveleg å vera båtturist på Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt
  • -
  • Ein  av dei flottaste båtane som har vore innom Sjøsio, meiner Odd Sverre Larsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heilt sidan 1977 har dei lagt til kai med ein aldeles nydeleg 33 fots trebåt. Ein Plattgatter, bygt i oregon pine og med overbygg og dekk i maghogni. Opprinneleg kjem dei frå Os, men no bur dei i Rennesøy.

Så lenge har dei vore ferierande på Fitjar at når dei snakkar om Larsen og butikken på kaien, snakkar dei like mykje om Odd-en som om Torolf-en, Vidar eller Odd Sverre.

Og det er ikkje berre kjent på kaiområdet på Fitjar.

– Liv og Torolf har teke oss med i bilen og synt oss rundt i heile Fitjar. Larsen i alle generasjonar har i det heile vore tatt utruleg flinke til å involvere kundane i det som skjer, smiler dei takknemleg.

Favorittplassane deira i Fitjarøyane er Smedholmen og området rundt.

– Me har alltid funne ei lun og god hamn i Fitjarøyane, og me gjer det framleis. Å leggje dei fleste hyttene til Kråko er ein super idé. Øya passar utruleg godt til hytteområde, og på denne måten vert ikkje det øvrige øylandskapet øydelagt, seier Torunn og Harald Søvik, som til slutt skryt av alle dei flotte bryggene som Friluftsrådet har sett opp.